Administrasjon av Stiftinga MS Hindholmen
Arnt Skinnes
Dimna
6065 Ulsteinvik
Mob: 991 63 987
Epost: nexus@skibladner.net

Kultur-og marknadsorganisator
Brit Aanning Aarseth
6170 Vartdal
Tlf.: 70 04 20 45
Faks: 70 04 20 33
Mob: 991 55 472
Epost: brit.aarseth@mimer.no
Lenker
Bredalsholem Dokk og Fartøyvernsenter
 Norsk Fartoy

Historikk

 Hindholmen på sildefiske i 1950 åra. Dampskipet Hindholmen like etter krigen. I tysk eige vart det bygt bakk med eit kanonfundament oppå.
Fiskebåten Hindholmen vart bygt ved Kristiansand Verksted i 1916. Skroget er av stål. Lengda var 109 f, bto.143 t. I 1930 var Hindholmen forlenga til 116 f.

EIGARAR: Roald havfiskeselskap frå 1916, Ålesund Fiskeriselskap frå1918, Brødrene Svinø 1923, Aarsethreiarlaget på Vartdal 1941, Hindholmens venner (HHV) 1980 og Stiftinga MS Hindholmen (SHH) 1994.

Vern og restaurering

 Hindholmen på tur i Hjørundfjorden i 2007 Hindholmen –innsegling til  Ålesund i 2007
Då HHV tok over i 1980, vart det i samråd med fylkeskonservator i M&R, semje om å bruke 1950 åra som utgangspunkt for restaureringa.
Store omveltningar i fiskeria skjedde nemleg på denne tida. Ved å stoppe opp eit bel ved dette magiske 50-talet, ville ein og få med den historiske utviklinga av fiskeria gjennom heile 1900-talet.

Og her er nokre viktige historiske hendingar:
I 1954 vart den gamle dampmaskinen skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC dieselmotor på 240 HK. Båten gjer eit fart på ca. 9 knop.
Samstundes fekk båten nytt styrehus, bestikk og skipperlugar. I 1954 vart det og installert fryseri om bord, og lasteromma vart isolerte. Dette revolusjonerte farts-og bruksområda for eggabåtane, som med eitt vart havgåande båtar, og med det kunne vere borte på fiskeri fleire månader i gongen. Det vart også bygt mannskapsmesse dette året, noko som gjorde det sosiale livet betre ombord.

FISKERI:

dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks,torsk,sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane; sei, pigghå, håkjerring, rundfisk. Båten var også med på Islandsildfiske, t.o.m. til Afrika på prøvefiske på Ghanakysten har Hindholmen farta.