Lenker

Nytt

MS Hindholmen 2018

MS Hindholmen seglar inn i det nye året.

MS Hindholmen seglar inn i det nye året.

2018-nytt år og nye mulegheiter.

 

Les mer
Hindholmens venner

Bli medlem i Hindholmens venner

Det er stor etterspørsel etter å leige Hindholmen, men det skortar på folk som kan stille opp til ei kvar tid. Det er ikkje snakk om rustbanking og hard sjauing slik det var før. Fagprøveelevane som Odd Runar har i prøve ombord tek mykje av desse jobbane no. Det vi treng mest av er matrosar, skipperar, maskinistar, maskinassistentar, byssejenter, messegutar. Vi treng og guidar, historieforteljarar, undervisarar, musikarar, kunstnarar ;  alle er viktige på kvar sine område.

Båten går turar i dei Sunnmørske fjordar og i kystområda.Elles prøver ein å delta på ulike festivalar o.a. arrangement rundt om i fylket.

Meld deg på som medlem, kom inn i byssevarmen, kan love deg eit triveleg og godt, sosialt samvere ombord.

Medlemsskap: kr. 300 pr. år for vaksne, kr. 200 for pensjonistar/studentar/ungdomar, kr. 1000 for firma, bedrifter o.l.

Betal inn på kto. 3994.3016066 v/Brit Aanning Aarseth, Remen 26, 6170 Vartdal. Send ein mail med namn, adr, mailadr, så skal eg sende medlemsbeviset. Ta kontakt: brit.aarseth@mimer.no, mb. 99155472 eller 70042045

Leige Av Ms Hindholmen:

Faste kostnader pr dag (pr.tur) kr.9 000
Variable kostn. mannskapsutg. 4 mann pluss oljeutgifter til saman pr. time kr. 1 400. Om det er ynskjeleg med servering/underhaldning om bord, så må leigar betale ekstra for det.
Leige av båten inntil 3 dagar eller meir vil dei faste kostnadane verte lavare. Ved langtidsleige vil det bli skrive særkontrakt.