Lenker

Nytt

Med støtte frå UNI stiftelsen

Nytt navigasjonsutstyr

Nytt navigasjonsutstyr

Skipper Karl Johan ein dyktig pådrivar i montering av nytt navigasjonsutstyr ombord.

Les mer
Sjauing ombord i Hindholmen

Her går det unna

Her går det unna

Lukt av tjøre og dulde bankeslag ombord i Hindholmen

Les mer
Hindholmens venner

Bli medlem i Hindholmens venner

Bli medlem i Hindholmens venner

 

Medlemsskap i Hindholmens venner  kr. 200 pr. år.

vipps # 537186 eller betal til konto 3991 09 42801   Merk betaling med namn og adresse, gjerne og mobilnummer.

Som medlem får du og tilsendt Jubileumsheftet ms Hindholmen 100 år  (1916-2016) Mykje interessant lesestoff: Om båt og mannskap. Om farefulle seglaser. Om dei som var heime. Om klargjering av båten før avgang. Proviantering, reiskap som skulle ombord. Fiskeria. Om vern av båten, verneforeninga, stiftinga.

Les mer
1814-maritim markering i Bjørvika 17.-20.juli 2014

Og Hindholmen var der saman med over 300 veteranbåtar.

Alt klaffa, veret, båten, mannskapet, jubileumskonvoien langs kysten. Og under jubileumsfesten i Bjørvika, vart det heider og pris til HH for godt vedlikehalden motor og maskinrom, samt interessant og innhaldsrikt museum i lasterommet. Hindholmen var og blant 30 fartøy , av over 300, som vart utplukka til å defilere i Bjørvika.

Det var dagar med førebuing før HH kunne gå frå Ulsteinvik fredag 11. juli. Og det var eit solid mannskap som vinka farvel, då dei la ut frå Stranda i Ulsteinvik. Desse var med: Skipper Karl Johan Barstad, Neringa Petkute, Klaidas Judvytis, Kjell Barstad, Arvid Stokkenes, Ingunn Moltu,Hans Aarset, Roe Hauge,Bjørn Røyset,Jan Ove Årvik. Skipper Karl Johan hadde planlagt reisa godt. Heile 7 etapper nedover og like mange oppatt skulle tilbakeleggast. Spanande om ein kom ned i tide. Og alt klaffa. Mannskapet hadde ein fantastisk seglas i strålande sol og mesta vindstille.Alle tok sin tørn ombord, Neringa i byssa, matros Ingunn med trossene, Bjørn, Arvid og Kjell i maskinrommet, Karl Johan, Kjell, Roe på brua. Dekksgut Hans gjorde ein solid jobb, likeså Jan Ove., Roe synte sine ferdigheiter i tauspleising, barn og unge flokka seg rundt han, ikkje minst vi damene. Maskotten Klaidas, ein humørfyllt og alle tiders gut, her ser vi sikkert ein framtidig sjømann. Alle skutene samlast i Horten den 17. juli for å gå i konvoi inn til Bjørvika og Oslo. I Horten kom Brit ombord, fantastisk å få vere med på dette. Hindholmen fekk, bokstaveleg tala, orkesterplass vis a vis Operaen, og under TV-programma synt frå Operataket kvar kveld, var dei kvite merkebokstavane M16VD på den grøn skipssida til HH godt synleg: flott reklame! Vi hadde mykje besøk ombord. Artig at sunnmøringar busett i Oslo fann vegen ombord, også mange som var slektningar til tidlegare mannskap, synest det var stor stas å finne faren eller bestefaren på mannskapslistene gjennom mange år, oppslått i styrbord gang. Og i messa med krutsterk kaffi, vart det fortalt mange artige historier. Og vi fekk bekrefta, at vern av Hindholmen gjennom 36 år vert sett pris på. Neste år er skuta 100 år, eit jubelår som verkeleg skal feirast. Planlegginga er godt i gang, søknader er sendt til Riksantikvaren, Norsk kulturråd, M&R Fylke,bankar m.fl. Vi har  og planer om å gå til Fiskerimessa i Trondheim i 2016, vi håper på sponsing av diesel og andre utg. i samband med turen. Brosjyrer, plakatar, historisk skrift, undervisningsmateriell m.m. treng og ei oppgradering, det krevst tid og pengar. Vi er i full gang med etablering av støtteforeininga "Hindholmens venner" og nye venner trengs no framfor 100  års jubileet.

Grunnlovskonvoi 2014

Norsk Forening for Fartøyvern, Forbundet KYSTEN og Kystlaget Viken inviterer båtar og fartøy til konvoi langs norskekysten.

Førebels er første avgang frå Florø 5. juli, siste anløp før Oslo er Horten 16. juli der alle går samla inn til Oslo med ankomst ettermiddagen 17. juli.

Hindholmen tek turen, begrensa plass ombord. Kun mannskap kan mønstre på. Treng maskinkyndige folk, skipperar og matrosar, kontakt Karl Johan Barstad

mb. 91998820 epost: kjbarstad@gmail.com

 

Ein opplevelsestur som du ikkje må gå glipp av. Turen er gratis for dei som tek sin tørn ombord, må spleise på kosten, men diesel vert dekka.

Ms Hindholmen-Årssamling 2014

Årssamling ombord i ms Hindholmen onsdag 12. mars kl.18

På styremøtet 12.02.2014 vart ei lang sakliste gjennomgått. Mangt må gjerast ombord før oppstart av ny sesong i mai/juni kan ta til. På aktivitetsplanen for sommaren står m.a. å ta del i konvoien av verneverdige skip som skal gå ned langs Vestlandskysten om Sørlandet og inn Oslofjorden i samband med 200 års markeringa for Grunnlova 1814. Den lange ferda frå Sunnmøre startar laurdag 12.07 og har som mål å nå sjølve dagen for feiringa, den 17.juli. Då vil det ligge ein heil armada av verneverdige båtar i Oslofjorden.Turen vert ein rein mannskapstur, ein deler på alle utgifter, kun diesel må ein prøve å få sponsa.Fleire har meldt si interesse for delta, vi treng fleire skipperar og maskinistar.Klikk for å laste nedKlikk for å laste ned

Kontakt

Adm. av Stiftinga MS Hindholmen
Brit Aanning Aarseth/leiar  og sekretær i Stiftinga ms Hindholmen 6170 Vartdal
mob. +47 99155472 
tlf. +47 70042045  
fax.+47 70042033  
e-mail:britaa22@gmail.com
Odd Runar Bjørndal/nestleiar.
Kontaktperson for Fagprøver ombord
Sjømyrane 15
6160 Hovdebygda
Mob: 905 11 499
Epost: odd.runar@bjorndal.net
Anne Pilar Aarseth, rekneskapsførar
Stiftinga ms Hindholmen sitt org.nr. 975 939 065

Hindholmens Venner

     

Tok over drifta av båten i 1980.
STIFTINGA MS HINDHOLMEN tok over i 1994. Båten er oppført i Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy i Noreg. Og i 1996 vart HH dokksett ved Bredalsholmen Dokk-og Fartøyvernsenter, eit sentralt fartøyvernsenter i Noreg, dreve med vesentleg støtte frå Riksantikvaren. Hausten2003 kom båten til Hardanger Fartøyvernsenter, eit anna viktig fartøyvernsenter som Riksantivkvaren støttar opp om. Sommaren 2004 vil Hindholmen atter ha sitt fartsområde i sunnmørske fjordar, langs kysten og næraste havområde.
STIFTINGA MS HINDHOLMENS FORMÅL er å halde ms Hindholmen verna for etterslekta, og med det bruke skipet i samsvar med sine tradisjonar, herunder maritim opplæring. Stiftinga har og som formål å synleggjere metodar for fiske og fangst som er representative for fartøyet.Stiftinga vil forestå og bidra til optimal vitenskapeleg utnytting av skipet, samt å presentere representative delar for publikum.


Farts-Og Bruksområde

     

Båten vil i hovudsak gå turar i kyst-og fjordområdet på Sunnmøre og i M&R.
Aktuelle fartsområde vil vere:
Dagsturar til Runde, Geiranger, Ålesund, Hjørundfjorden, brukast som ”fyrsafaribåt” m.m. I det heile; ha alle kommunane i M&R som bruks-og fartsområde
Aktuelle bruksområde vil vere:
Å ta med turistar, skuleklasser, pensjonistar, firma, institusjonar, lag/org o.a. på opplevingsturar med HH. Prøve fiskelykka, lære gammalt sjømannskap å kjenne, ha underhaldning om bord m.m.
Formålet med skipet er også å kunne bruke HH i maritim opplæring, vitenskapleg forskning o.l. Lære praktisk navigasjon, halde sjøbergingskurs om bord osb.For grunnskulen og høgare utdanning vil skipet vere ypparleg til bruk i natur, kultur-og miljøfaga. T.d. så vil ”Den kulturelle sjømannssekken” bli fyllt med spanande kyst-og kulturhistorie om bord i Hindholmen. Samarbeid med skulane, musea, lag/org o.a.er viktig.
Laste-og fryserommet vil verte innreidd som opphalds-og undervisningsrom for passasjerar/studentar. Båten hadde før restaureringa eit passasjertal på 60 personar og eit mannskap på 4 (skipper, maskinist og to dekksmatrosar). Det har synt seg at dette passasjertalet er høveleg også med tanke på kombinasjonen buss-/båttransport.
HINDHOLMENS VENNER:
Hindholmens venner skal vere ei støtte-og trivselforening for stiftinga ms Hindholmen. Medlemsskap:kr. 300 vaksen, kr. 200 pensjonistar, studentar, barn. Firma, bedrifter institusjonar, bankar kr. 1 000 eller meir