Lenker

Nytt

MS Hindholmen 2018

MS Hindholmen seglar inn i det nye året.

MS Hindholmen seglar inn i det nye året.

2018-nytt år og nye mulegheiter.

 

Les mer
Nytt styre 2017

Aktiviteter i 2017

 

Styret for 2017:

Brit Aanning Aarseth, Vartdal, Ørsta-leiar ,  Odd Runar Bjørndal, nestleiar, Hovdebygda,Ørsta, Karl Johan Barstad, Ulsteinvik, Kjell Bartstad, Ulsteinvik,               Ingunn Moltu, Moltustranda, Herøy.  Vara: Vidar Kløvning, Åram, Sande, Johan Slåtteliv, Dimna, Ulsteinvik, Bjørn Røyset, Hareid, Olli Sørdal, Fosnavåg, Herøy

Aktivitetsplan/handlingsplan for 2017: 30pkt:

Pkt. 1.Slipe dørken i messa (er gjort) Pkt. 2. Male dørken, scanne farge, lakkere i fin grå farge (er gjort) Pkt. 3. Pusse vinduer i styrehus(er gjort) Pkt.4. Flåter og brannapparat til kontroll (er gjort) Pkt.5. Bommen må sertifiserast (?)


.Pkt. 6. 66 nye lys er bestilt til flytevestane(arbeid utført) Pkt.7. Båten må kanskje på land, botnettersyn. Filming normalt akseptert annan kvart år. Sjekke om det blir akseptert (båten måtte på land, arbeid utført ved Vegsund Slip as) Pkt.8. Aksletrekk sist  våren 2012. Krav om 5 års intervall. Sende mail til Magnar på Sjøfart, sjekke status og kva som må til(Båten på land arbeid utført).Pkt. 9. Flåter og brannapp. vart sist dekt av UNI-stiftelsen. Kanskje prøve i år og? (vart dekt av andre midlar, Fagprøver m.m.) Pkt. 10. Søknad til Gjensidige (fekk avslag) Pkt. 11. Bud & Hustad forsikring støtta med kr. 8000. Pkt. 12. Forfall på flåtegodkjenninga er truleg til sommaren. Pkt. 13. Vi er ikkje dyktige nok til å iverksette aktivitetar. Vi har fått ein god del tilsagn om tilskot, men arbeidet må utførast før pengane vert utløyste.Pkt. 14. Må skifte ankerkjettingar. Vi må ha kjettinglås som kravet er for liten kystfart. Galvaniserte kjettingar (ikkje utført enda, arbeider med saken) Pkt. 15. Linespelet (Kapstan) lek, må pakkast oppatt med eit par ringar. (linespelet låst, diverre) Pkt. 16. Ny kjetting på bomløftet(?). Pkt. 17. Nye forstagswire (?). Pkt. 18. Sjekke byssa, kjem røyk ut på styrbord side når det vert varmt. Truleg lekkasje på dieselrøret (?). Pkt. 19. Slangane til styremaskinen heng i eit tau, ikkje bra, må ordnast. (?). Pkt. 20. Kaffetrakter må brukast i ny kontakt inne i byssa. Ikkje lov å gå med ledninga gjennom døra inn til messa. (er ordna) Pkt. 21. Det er anbefalt at ein snur rattet til kvar side, deretter fyller etter med olje. (OK)Pkt. 22. Lager til maskindeler (Fagprøver) .(har fått aksept på å plassere containeren på grunnplan på adm. bygget i høgre hjørne oppover mot Mjøllageret. Ikkje iverksatt enda) Pkt. 23. Container må tømmast, full av uerstatteleg verdiar, dette må på land. Odd Runar tek seg av dette. Har fått tilvist plass, viser til pkt. 22.) Pkt. 24. Maskinen må byggast om til ferskvannskjøling. Det kom godkjenning 8. feb. men midlane ligg inne i 2017 søknaden (midlane dokumentert  05.03.17, kr. 180 000 frå Riksantikvaren. Inne i beløpet ligg og midlar til slippsetjing. Karl Johan har stått føre søknaden, godt jobba) (arbeid utført) Pkt. Sjøkista babord side, tvers av, svinghjulet rusta (?) Pkt. 26. Ferksvannstanker vart tatt sist smatidig med akslingen. (OK) Pkt. 27. Første som må avklarast om båten må dokksetjast eller ikkej(dette er gjort) Pkt. 28. Sikkerheitssystemet med opplæring og korleis reiarlaget vet drive. Mal finnes hos Norsk Forening For Fartøyvern. Vi må fylle ut og tilpasse (?) Pkt. 29. Vedlikehaldsstrategi innes allereie gjennom skjema som vi har.(OK) Pkt. 30. Viktig å fordele oppgåvene. Forslag om at Kjell, Karl Johan og odd Runar samsnakkar og finn ut korleis iverksette arbeidet som trengs gjerast for godkjenning frå Skipskontrollen, og elles det arbeidet det hastar med. 

HH 100 år

Jubileumsfeirng på Ishavsmuseet 2. des.2016


Hyggeleg samkome på Ishavsmuseet "Årvak" på Brandal i samband med avslutninga av ms Hindholmens sitt jubileumsår. Eit pent, dekka langbord møtte oss ved inngangen til museet. Rundt om på veggane hang bilete av ishavsskuter på dei mange hav i isøydet. Og i kroken trona kvitebjørn, ei mektig kjempe i eit mektig univers. Det var som å kome inn i Nansens og Amundsens polarhistorie. Men ved nærare ettersyn, så var det alle dei slitarane ombord i desse skutene som hadde fått sitt minnesmerke her ute i ishavsbygda Brandal. Stor heider til Henrik Landmark for hans initiativ gjennom årelangt virke for å få i stand dette museet. Og stor hyllest til sonen Webjørn &co som fører denne arven vidare.

Og så vart vi invitert til bords(buffet). Og sjølvssagt stod det selgryte på menyen, attåt lutafisk,ulike silderettar, turka og røykt selkjøt m.m. Det vart ei triveleg stund rundt bordet med forteljingar, om hendingar på sjøen, om tru og overtru i fiskaryrket m.m.Og det vart  song og musikk av Knut Halse og Arne Otto Myklebust. Også forsamlinga bidrog med "Hindholmenvisa dikta" av Peder Enerhaug og andre sjømannsviser.Og svingom på dørken vart det og ut i dei små timar. Og underteikna fekk blomar og bilete av HH. Tusen takk til mannskapet for denne gesten. Og som eg seier, dette er ikkje eit einmannsverk, " vi er i same båt" og skal vi ha framdrift, "så må vi styre i takt". Og i takt føler eg at det har gått, vi hadde vel ikkje greitt dette gjennom så mange år (frå 1979) utan at det hadde vore ein god tone mellom oss.Og slik håper eg at det fortsetter. Og det lover godt, når ein ser at fleire unge syner interesser for å ta vare på denne gamle, ærverdige skuta.

ms Hindholmen 100 år

100 årsmarkering på Vartdal 21. mai 2016

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vart ein stor maritim dag på Vartdal laurdag 21. mai 2016, då ms Hindholmen markerte starten på jubileumsåret 2016. Mykje folk hadde møtt fram og det vart stor stemning ombord og inne i den gamle klippfiskbua, som i høve 100 årsjubileet var rydda og pent oppussa; reine festsalen med bord og stolar. Ei flott utstilling av båtteikningar av Hindholmen laga av barn frå Vartdal barnehage og Vartdal skule danna ramme kring det heile. Inne i bua var det kaffi og kakesal, også smaksprøver frå Bacalaofabrikken i Festøya. Sal av T-skjorter, historisk hefte m.m. Ombord var det musikalsk underhaldning med Vartdalstranda blandakor "Cantando". Stor stemning då Knut Halse med trio framførte sjømannsviser og til slutt Hindholmenvisa laga av Peder Enerhaug. Med spaning såg ein fram til urframføringa av komponist Magnar Åm sitt musikalske verk "berast fram". Verket var skapt av lydar frå Hindholmen, frå bankelydar mot stål og jarn, skipsklokkeklang, båtfløyte, lydar frå båreskulp, ver og vind. Inne på klippfiskbua var det duka for eit gedigent , sunnmørsk kakebord. Kvinner frå Vartdal og Volda kom med kaker på fat, ein skikkeleg kakedugnad for gamle Hindholmen. Stor takk til Åse, Inger, Perdis og Hilde for vel utført kaffi-og kakesal. Også takk til skipper Georg Sætre som viste rundt  på brua, like stor takk til maskinist Erling Sætre som viste rundt i maskinrommet. Takk og til matros Ingunn Moltu og messepike Olli Sørdal som geleida folk rundt i bysse, messe og  ilugarar. Stor takk til familie barn og barnebarn som hjalp til med sal av pølse og brus, sal av T-skjorter og historisk hefte. Også som ryddegjeng var dei gode å ha.Men aller største takk går til mannskap og dugnadsgjengar som opp gjennom alle desse åra frå 1979, då vernearbeidet for Hindholmen tok til, har stått på og hatt trua på prosjektet. Takk og til Riksantikaren,Uni-stiftelsen, Kulturminnefondet o.a. bidragsytarar for den støtte dei har gitt i alle desse åra. Frå Riksantikvaren har det kome millionar av kroner. Hindholmen var og ein av dei første skutene som kom på Riksantikvaren si liste over verneverdige skuter i Noreg.

2016 ms Hindholmen 100 år

100 års jubileum 21. mai

Heilt sidan hausten 1979 har vern av Hindholmen pågått. Ei vernegruppe starta først, deretter vart Hindholmens venner stifta og i 1994 Stiftings ms Hindholmen.Det har vore tunge løft og tunge stunder undervegs, mang ein gong har ein tenkt at no går det ikkje lenger, men så har det dukka opp gledelege overraskingar stadig vekk. Største overraskinga var då Riksantikvaren "tok båten under sine venger" og fekk han til Bredalsholmen og Hardanger fartøyvernsenter. Båten vart klinka opp att, fekk så og seie eit nytt skrog, ein del innreiing, lugarar, dørkar, dekk vart tatt ut og sett inn att i restaurert stand. 14,5 mill vart brukt på dette oppdraget, som Riksantikvaren kosta I 2005 kom Hindholmen tilbake til Sunnmøre etter 6 lange år på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand, derav 2 år ved Hardanger Fartøyvernsenter, som stod for alt trearbeidet.  Så var det for dugnadsgjengen ombord i HH å gjere båten seglklar. Ikkje så enkelt når båten vart utsrusta med eit passasjersertifikat på 60 personar. Som passasjerbåt stiller Skipskontrollen ekstra, strenge krav, som må oppfølgjast årleg. I 2015/16 har HH hatt 5 års klassing,dvs at seglingssertifikatet skal ha full fornying.Det har krevt store kostnader m.a. med det elektriske anlegget.                                                                                                                                                                                                                                    Men no skal vi feire, prøve å gløyme dei tunge stundene og dei tunge taka. Laurdag 21. mai kl. 13 vil det skje, på Vartdal ved Aarsethbuda. Det vert underhaldning ombord. Komponist Magnar Åm saman med musikkbandet "Quest" vil urframføre eit maritimt musikkverk samansett av skipslyder frå ms Hindholmen. Vartdal Blandkor "Cantando" vil synge, der vert helsingstaler, ope museum i lasterommet/museet med webskjermar som syner levande og still bilete frå fiske og fangst. Mannskap vil vere omvisarar og stå i maskinen, på brua, i bysse, messe og lugarar og fortelje om livet ombord i gamle dagar. Inne på buda vil der vere sal av kaffi og kaker, og smak av Bacalao frå Bacalaofabrikken i Festøya. Sal av T-skjorter og det historiske hefte om HH vil ein og få kjøpt. "Butikk, båt og reiarlagsmuseet" og "Miss Boyd" museet ved kaia (5 min gange frå Aarsethbuda) , vil også vere ope. Samt Vartdal fiskerimuseum (VD-museet) ved Vartdal skule. (5 min med bil frå kaia)  Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til 100 årsfesten for ms Hindholmen

Ms Hindholmen Sesongen 2015

Aktivitetar 2015

Bileta syner:

Dugnadsgjengen i byssa: Jorunn Sætre, Torunn Standal Guttormsen, Sylvi Rønnestad og Hilde Bjørndal. Jarl Bjørndal var messegut.

Og i messa gjekk potetballen frå Volda Fiskemat unna i ein fei.

Erling Sætre var ein dyktig omvisar i maskinen, han hadde mange interesserte tilhøyrarar.

Hindholmen under The Tall Ships Races i Ålesund. Karl Johan med mannskap bukserte båten galant inn mellom fullriggarar, skonnertar, briggar og galeasar i Ålesund hamn.

 

15. april 2015  Årsmøte ombord i ms Hindholmen: Vanlege årsmøtesaker. Årsmelding og revidert rekneskap og val på nytt styre.

Styret for 2015 vart såleis:

Brit Aanning Aarseth/leiar-Vartdal, Ørsta

Odd Runar Bjørndal/nestleiar-Hovdebygda, Ørsta

Karl Johan Barstad-styremedlem-Ulsteinvik

Ingunn Moltu                  "           -Moltustranda,Herøy

Vidar Kløvning                "           -Åram, Sande

Roe Hauge                      "           -Flø, Ulsteinvik

Vara:

Johan Slåttelid  -Dimna, Ulsteinvik                 

Håvard Bjørndal-Håvoll, Ørsta

Olli Sørdal-Fosnavåg, Herøy

Kay Magne Egset, Volda

Arthur Lillevik, Ørsta

I 2015 har  Ms Hindholmen hatt 5 års klassing, mykje arbeid er gjort i denne samanhengen t.d. Slippsetjing ved Vegsund slip i mai, ein del elektrisk arbeid står att.  Elles i sesongen har Hindholmen delteke i The Tall Ships Races i Ålesund 15-18. juli, Dekksercie leigde båten med tur på fjorden under opphaldet i Ålesund. Naturfestivalen i Ørsta/Volda. Hindholmen deltok og låg ved kai på  Vartdal, søn. 19. juli;  open båt, sal av potetball ombord, ope Butikk, båt og reiarlagsmuseum ved kaia på Vartdal, også Miss Louise Boyd museet var ope, det same var Fiskerimuseet ved skulen på Vartdal.  Publikum gjekk mellom båt og museum, fekk orientering ombord og på land av mannskap og av tidlegare reiar av Hindholmen. Hindholmen deltok under den årlege Trebåtfestivalen i Ulsteinvik 10. august. Stort frammøte ombord under alle desse arrangementa. Fleire fagprøver for matrosar har vore holdt ombord også  i 2015.Ein liten, og trottig dugnadsgjeng tek eit tak når det trengs. Det har kome inn tilskot frå Riksantikvaren og frå UNI-stiftelsen som har gjort det muleg å få gjort det meste av arbeidet som Skipskontrollen har gitt pålegg om. No står vi framfor eit spanande år- HINDHOLMEN 100 ÅR I 2016.Planlegginga er allereie i gang.

Historikk

     

Fiskebåten Hindholmen vart bygt ved Kristiansand Verksted i 1916. Skroget er av stål. Lengda var 109 f, bto.143 t. I 1930 var Hindholmen forlenga til 116 f.
EIGARAR: Roald havfiskeselskap frå 1916, Ålesund Fiskeriselskap frå1918, Brødrene Svinø 1923, Aarsethreiarlaget på Vartdal 1941, Hindholmens venner (HHV) 1980 og Stiftinga MS Hindholmen (SHH) 1994.


Vern og restaurering

     

Då HHV tok over i 1980, vart det i samråd med fylkeskonservator i M&R, semje om å bruke 1950 åra som utgangspunkt for restaureringa.
Store omveltningar i fiskeria skjedde nemleg på denne tida. Ved å stoppe opp eit bel ved dette magiske 50-talet, ville ein og få med den historiske utviklinga av fiskeria gjennom heile 1900-talet.

Og her er nokre viktige historiske hendingar:
I 1954 vart den gamle dampmaskinen skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC dieselmotor på 240 HK. Båten gjer eit fart på ca. 9 knop.
Samstundes fekk båten nytt styrehus, bestikk og skipperlugar. I 1954 vart det og installert fryseri om bord, og lasteromma vart isolerte. Dette revolusjonerte farts-og bruksområda for eggabåtane, som med eitt vart havgåande båtar, og med det kunne vere borte på fiskeri fleire månader i gongen. Det vart også bygt mannskapsmesse dette året, noko som gjorde det sosiale livet betre ombord.

FISKERI:
dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks,torsk,sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane; sei, pigghå, håkjerring, rundfisk. Båten var også med på Islandsildfiske, t.o.m. til Afrika på prøvefiske på Ghanakysten har Hindholmen farta.