Med støtte frå Riksantikvaren og M&R fylke gjorde det muleg å arrangere gratis kurs i driving av dekk ombord i ms Hindholmen. Ein dyktig fagmann frå Hardanger Fartøyvernsenter tok røynde og urøynde sjøfolk i skule. Her skulle gammal teknikk i driving av dekk lærast. Og ord som hampedrev, rabattjern, kalfatrekølle, beking m.m. gav meining i praktisk utøving. Og beksvarte vart dei alle mann. Generell kunnskap om vedlikehald av dekk høyrde og med som ein viktig del av kurset. Eit båt dekk er "taket på eit fartøy" og når ein veit kor viktig det er med eit tett hustak, så er det ikkje mindre viktig på eit fartøy. Å halde eit dekk tett er rett og slett å halde det reint. Bruke såpe og kost, spyle med reint vatn, ikkje la lause gjenstander ligge rundt om. Under tauverk, kasser, stamper på vått dekk danner straks fuktigheit og då kjem råta.Turar på sjø og hav i vind og ver gir og god gjennomlufting av dekka, varmen frå motoren under gjev og god verknad. Vinterstid bør det vere ein liten lunk i motorrom, lugarar, lasterom/opphaldrom også luftfuktarar vil hjelpe på. Noko diskusjonar om det er lurt å kle inne båten i presenning vintertid eller ikkje.

Kurs i driving av dekk ombord i ms Hindholmen. Her er maskinist Vidar Kløvning i aktivitet med rabattjern og kalfatrekølle.