Dampskipet Hindholmen like etter krigen. I tysk eige vart det bygt bakk med eit kanonfundament oppå.
HISTORIKK:
Fiskebåten Hindholmen vart bygt ved Kristiansand Verkstad i 1916. Skroget er av stål. Bto. 143 t, lengda var i utgangspunktet 109 f, i 1930 forlenga til 116 f.
EIGARAR:
Roald havfiskeselskap 1916, Ålesund Fiskeriselskap 1918, Brødrene Svinø 1923, Aarset reiarlaget
på Vartdal 1941, i tysk rådvelde under krigen, kom tilbake til Aarsethreiarlaget i 1945, Hindholmens venner (HHV)tok over båten i 1980, Stiftinga ms Hindholmen (SHH) i 1994.

VERN OG RESTAURERING:
Då HHV tok over i 1980, vart det i samråd med fylkeskonservatoren i M&R semje om å bruke 1950 åra som utgangspunkt for restaureringa. Store omveltingar i fiskeria skjedde nemleg i dette tidsrommet.
Ved å stoppe opp eit bel ved dette magiske 1950 talet, ville ein og få med den historiske utviklinga av fiskeria gjennom heile 1900 talet.

HISTORISKE HENDINGAR:
I 1954 vart den gamle dampmaskinen skifta ut med ein tresylindra Wichmann 3AC diesel motor på 240HK. Båten gjer ei fart på 9-10 knop.
På same tid vart det bygt nytt styrehus og bestikk. Ny skipperlugar vart plassert bak bestikket.
I 1954 vart det og installert fryseri om bord, og lasteromma vart isolerte. Dette revolusjonerte farts-og bruksområda for eggjabåtane, som med eitt vart havgåande båtar, og med det kunne vere borte på fiskeri i fleire månader av gongen.
Det vart og bygt mannskapsmesse i 1954, noko som gjorde det sosiale livet betre om bord.

FISKERI:
Hindholmen dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks, torsk og sei.
Ved Færøyane, Shetland Hebridane; sei, pigghå, håkjerring, og rundfisk.
Båten fiska og etter sild på Island. Han var og med på prøvefiske utanfor Ghana kysten i Afrika.

HINDHOLMENS VENNER vart danna i 1980.
STIFTINGA MS HINDHOLMEN tok over drifta i 1994. Båten er oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy i Noreg og har fått betydelege tilskot til restaurering.
I 1996 vart HH dokksett ved Bredalsholmen Dokk-og fartøyvernsenter i Kristiansand, eit sentralt fartøyvernsenter i Noreg.
Hausten 2003 kom båten til Hardanger Fartøyvernsenter, eit anna viktig fartøyvernsenter som Riksantikvaren støttar opp om.
Sommaren 2005 var Hindholmen atter i drift i sine heimlege farvatn.

STIFTINGA MS HINDHOLMENS FORMÅL:
”er å halde MS Hindholmen verna for etterslekta, og med det bruke skipet i samsvar med tradisjonane, her under maritim opplæring. Stiftinga har og som formål å synleggjere metodar for fiske og fangst som er representative for fartøyet.
Kulturhistorisk forsking og synleggjering av vår kystkultur vil vere viktige faktorar i bruken av båten”

FARTS-OG BRUKSOMRÅDE:
Turar til Ålesund, Tafjorden, Geiranger, Hjørundfjorden, Austefjorden, Ørstafjorden, Voldsfjorden, ut mot havgapet til Herøy, Runde. Til Hareid, Ulstein, Vanylven, Sandsøya , Kvamsøya m.m.
Fyrsafari med utgangpunkt i Fyrmuseet i Dalsfjorden vil vere eit aktuelt fartsområde. I samband med opplæring om bord, kan og båten operere i heile M&R.
Alle kan nytte båten; pensjonistar, turistar, skuleklasser, firma, bedrifter, institusjonar, private og offentlege.
Båten har eit passasjertal på 60 personar og eit mannskap på 4 (skipper, maskinist og to matrosar)
Det har synt seg at dette passasjertalet er høveleg også med tanke på kombinasjonen buss og båt.

DEN KULTURELLE SJØMANNSSEKKEN:
Grunnskuleelevar frå heile M&R kan nytte båten i samband med ”den kulturelle sjømannssekken”.
Det er utarbeidd eit undervisningshefte til bruk om bord.
Lasterommet er innreidd som opphaldsrom, undervisningsrom og museum. Med plass til 40-50 personar. Kontaktperson: Brit Aanning Aarseth mob. 99155472 epost: brit.aarseth@adsl.no

MARITIM OPPLÆRING:
Om bord i Hindholmen vert det lagt opp til fagprøver for matrosar og lærlingar. Det vert undervist i praktisk og teoretisk opplæring. Elevane får lære praktisk bruk av verktøy, utstyr, og arbeidsmetodar. I teoretiske fag gjennomgår elevane navigering, styring av båt, sjøvettreglar, bruk av sjømerker, lanterner m.m. Ved bestått prøve får dei utlevert fagbrev. Ansvrleg for fagprøvene er Odd Runar Bjørndal,Sjømyrane 15, 6160 Hovdebygda mob. 90511499 epost: odd.runar@bjorndal.net

MEDLEMSKAP:
Stiftinga ønskjer at så mange som muleg støttar opp om dette viktige arbeidet. Det trengs både frivillige hjelparar om bord, men også kapitalstøtte. All inntekt går inn i drifta av båten og til naudsynte investeringar.
Medlemskap:
Vaksne: kr. 300
Pensjonistar/studentar, born: kr. 200
Firma, bedrifter: kr. 1 000

LEIGE AV MS HINDHOLMEN:
Utgangspunkt for utleigesatsar:
Faste kostnader : pr. dag (pr. tur) kr. 9 000
Variable kostnader: Mannskapsutg, (4 mann) pluss oljeutgifter: kr. 1500 pr. time
Omvisning/guiding om bord: kr. 30 pr. passasjer (barn gratis).
Leige over fleire dagar: pris vert avtalt på førehand
Båtleige kun ved kai: straum, tilsyn, olje ,hamneavg. m.m. pris vert avtalt på førehand
Leige ”Den kulturelle sjømannssekken” og skuleklasser –pris vert avtalt på førehand

ADMINISTRASJON AV STIFTINGA MS HINDHOLMEN:
Leiar i stiftinga: Arnt Skinnes, Dimna, 6050 Ulsteinvik
Mobil: +47 99163987 epost: nexus@adsl.no

Kultur-og marknadsorganisator: Brit Aanning Aarseth, 6170 Vartdal
”Den kulturelle sjømannssekken” ” ” ” ”
Tlf. +47 70042045 fax: +47 70042033 mob: +47 99155472 epost: brit.aarseth@adsl.no

Leiar i maritim opplæring: Odd Runar Bjørndal, Sjømyrane 15, 6160 Hovdebygda
Mobil: +47 90511499 epost. Odd.runar@bjorndal.net

Stiftinga ms Hindholmen si heimeside: www.mshindholmen.no