Det er stor etterspørsel etter å leige Hindholmen, men det skortar på folk som kan stille opp til ei kvar tid. Det er ikkje snakk om rustbanking og hard sjauing slik det var før. Fagprøveelevane som Odd Runar har i prøve ombord tek mykje av desse jobbane no. Det vi treng mest av er matrosar, skipperar, maskinistar, maskinassistentar, byssejenter, messegutar. Vi treng og guidar, historieforteljarar, undervisarar, musikarar, kunstnarar, vaffel-og svelsteikarar, kaffikokarar ;  alle er viktige på kvar sine område.

Båten går turar i dei Sunnmørske fjordar og i kystområda.Elles prøver ein å delta på ulike festivalar o.a. arrangement rundt om i fylket.

Meld deg på som medlem, kom inn i byssevarmen, kan love deg eit triveleg og godt, sosialt samvere ombord.

Medlemsskap: kr.200 pr. år   

vipps # 537186   eller betal inn på konto 3991 09 42801. Merk betalinga med namn og adresse, gjerne og mobilnummer. 

Som medlem får du og tilsendt Jubileumsheftet ms Hindholmen 100 år i 2016.